Kva er Opplæringskontoret og kva gjer me?
Opplæringskontoret for Nordhordland vart til etter initiativ frå lokale bedrifter, formelt stifta i 1995. Me er eit tverrfagleg opplæringskontor med godkjenning i omlag 55 ulike fag og har 135 medlemsbedrifter som satsar på å gje ungdom fagopplæring i sine bedrifter. Me har oppfølging av ca 250 lærlingar til ei kvar tid.
Å ha lærlingar i bedrifta har vist seg nyttig for alle partar. Bedriftene sikrar framtidig rekruttering av dyktige fagarbeidarar, og læreplassar i lokale bedrifter gjev ungdom mogleik til utdanning lokalt.
Me reiser rundt på skular i Nordhordland for å informera om opplæring i bedrift og for å rekruttera søkjarar til våre medlemsbedrifter. Me stiller på lokale utdanningsmesser, og prøver å nytta alle passande høve til å promotera våre medlemsbedrifter. Kvart år arrangerer me felles utdeling av fagbrev for nye fagarbeidarar.
Om det er ønskjeleg kjem me gjerne på besøk i bedrifta og fortel meir om lærlingeordninga og Opplæringskontoret.